Endringsforslaget omfattar heva vegline i området frå Bjørnbåsen til Trangen, kalla alternativ 3A. Endringsforslaget bygger på tidlegare kommunedelplan, og med nytt forslag er det i alt sju ulike vegliner som blir lagt ut på høyring. Eksisterande E6 tilfredsstiller ikkje dagens krav til standard grunna smal veg og fleire direkte avkøyringar til eigedomar. På store delar av strekninga er det randbebyggelse og stor trafikkbelastning for befolkninga. Kommunedelplanen legg difor til rette for utvida vegbreidde og atskilte atkomstvegar.

Planforslaget

Planforslaget blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i perioden 31. januar–17. mars 2014 på følgjande stader:

  • som vedlegg til denne siden, se under "Last ned"
  • Statens vegvesen, Mellomvegen 40, Tromsø
  • Balsfjord kommune, Rådhuset, Storsteinnes
  • www.balsfjord.kommune.no

Merknader må sendast til:

  • Statens vegvesen Region nord, Postboks 1403,
    8002 Bodø eller firmapost-nord@vegvesen.no
    Frist for å senda merknader til planen er satt til måndag 17. mars 2014.

Eventuelle merknader må sendast skriftleg og merkast: «Merknader til endringsforslag kommunedelplan E6 Nordkjosbotn–Storfjord grense» Etter offentleg ettersyn vil merknader og synspunkter bli behandla, og sendt vidare til Balsfjord kommune for godkjenning.

Spørsmål om planforslaget kan rettast til: