Reguleringsplanen legg til rette for standardheving av dagens veg med 8,5 m vegbreidde, atskilte atkomstvegar og utbetring av kryssløysingar. Dagens veg tilfredsstiller ikkje dagens krav til stamvegar grunna smal veg og fleire direkte avkøyringar til eigedomar. Det er vidare regulert ny Vollan bru grunna avgrensingane med akseltrykk og smal vegbane som gjeld for eksisterande bru. Med breiddeutviding og bruk av dagens E8 til atkomstveg vil tiltaket medføra at delar av ny veg må trekkast nærmare fjæresona. Reguleringsplanen beskriv tiltak for å ivareta naturen langs fjæra.

Avkøyringane til private eigedomar vil vere som i dag, men då frå atkomstveg og med to kulvertar. Med dei tiltak som ligg i planen vil tilhøva for mjuke trafikantar og trafikktryggleiken generelt bli betre.

Planforslaget blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i perioden 21. november 2012 til 11. januar 2013 på følgjande stader:

  • som vedlegg til denne siden
  • Statens vegvesen, Mellomvegen 40, Tromsø
  • Balsfjord kommune, Rådhuset, Storsteinnes
  • balsfjord.kommune.no

Eventuelle merknader og endringsforslag som gjeld for heile eller delar av planen må sendast til:

Frist for å senda merknader til planen er satt til fredag 11. januar 2013. Eventuelle merknader må sendast skriftleg og merkast med «Merknader til forslag til detaljreguleringsplan for E8 Nordkjosbotn–Jernberg».

Etter offentleg ettersyn vil merknader og synspunkter bli behandla, og sendt vidare til Balsfjord kommune for godkjenning.

Spørsmål om planforslaget kan rettast til: