Illustrasjonskart reguleringsplan E8 Riksgrensa–RovvejohkaIllustrasjonskart reguleringsplan E8 Riksgrensa–Rovvejohka

Reguleringsplanen legg til rette for standardheving av dagens veg til 8,5 meter vegbreidde og noko kurveretting på enkelte parti. Lengda på strekninga er vel 19 km.

Utover tiltak på hovudveg, blir det tilrettelagt for utfartsparkeringar og rasteplass ved Perskogen. Alle tiltak medfører ein auka tryggleik og betre transportkvalitet særleg for tunge køyrety. Føreliggande planforslag er ein del av øvrige ferdigstilte og planlagte tiltak i Skibotn og Skibotndalen.

Planforslaget er lagt ut på følgjande stader:

  • Nederst på denne sida, sjå under "Last ned"
  • Statens vegvesen, Mellomvegen 40, Tromsø
  • Storfjord kommune, Rådhuset, Hatteng
  • www.storfjord.kommune.no  

Merknadsfrist

Frist for å senda merknader til planen er satt til fredag 6. mai 2016. Eventuelle merknader må sendast skriftleg til:

Statens vegvesen Region nord, postboks 1403, 8002 Bodø eller
e-post firmapost-nord@vegvesen.no 
merkast «Merknader til forslag til detaljregulering for E8 Riksgrensa–Rovvejohka»

Opent møte

Det vil bli halde opent møte tysdag, den 19. april 2016, kl. 18.00 på LHL senteret i Skibotn for informasjon og innspel på planforslaget.

Etter offentleg ettersyn og høyring vil merknader og synspunkter bli behandla, og sendt vidare til Storfjord kommune for godkjenning.

Spørsmål om planforslaget kan rettast til: