Innsigelse frå Fylkesmannen grunna berøring med Lullefjell naturreservat og behov for utvida geotekniske undersøkingar var noko av bakgrunnen for at det opprinnelege planforslaget E8 Halsebakken–Brennfjell– Skibotn kryss måtte endrast og delast i to parsellar.

Føreliggande detaljregulering legg til rette for standardheving av dagens veg til 8,5 meter vegbreidde og noko kurveretting på enkelte parti. Veglengda som utgjer 6,6 km er ein del av øvrige ferdigstilte og planlagte tiltak i Skibotn og Skibotndalen.

Planforslaget

Planforslaget er lagt ut på avgrensa høyring og offentleg ettersyn på følgjande stader:

  • som vedlegg til denne siden, sjå under "Last ned",
  • Statens vegvesen, Mellomvegen 40, Tromsø,
  • Storfjord kommune, Rådhuset, Hatteng og
  • www.storfjord.kommune.no

Merknader

Eventuelle merknader til planen må sendast innan fredag 28. oktober 2016 til:

  • Statens vegvesen Region nord, Postboks 1403, 8002 Bodø, eller
  • e-post: firmapost-nord@vegvesen.no og merkast: «Merknader til forslag til detaljregulering for E8 Brennfjell–Halsebakkan»

Etter offentleg ettersyn og høyring vil merknader og synspunkter bli behandla, og sendt vidare til Storfjord kommune for godkjenning. 

Spørsmål om planforslaget kan rettast til: Statens vegvesen Region nord v/Kjell Grønsberg, tlf. 77 61 73 56, e-post: kjell.gronsberg@vegvesen.no