Forureiningsforskrifta sine grenseverdiar for lokal luftforureining blir regelmessig overskridne i fleire norske byar. Høge konsentrasjonar av både nitrogendioksid (NO2) og svevestøv (PM10 og PM2,5) kan gi helseskadar og i verste fall auka førekomst av for tidleg død. Statens vegvesen har ansvar for å bidra til å avgrense utslepp og skadeverknadar frå luftforureining. I den samanheng har Statens vegvesen aktivitet innan:

  • Konsekvensutgreiingar i arealplanlegging
  • Utgreiing og gjennomføring av tiltak som kan bøte av for luftforureining
  • Varsling og overvaking av luftkvaliteten i dei største byane
  • Finansiering av forsking og utvikling