Med opninga av Ljøtunnelen er rastrygginga av heile strekninga mellom Stranda og Hellesylt fullført. No slepp vegfarande å møte rasstengt veg mellom Røyr og Hellesylt på fylkesveg 60.

Heile prosjektet består av tre byggesteg og har ein totalpris på vel 1,1 milliard kroner.

- Det er mykje sikring for pengane. Det har blitt et veldig bra produkt og eg trur at både pendlare og alle bedriftene som er avhengig av vegen, vil sette veldig stor pris på den bruken av midlar som er gjort, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Sidan vegen mellom Stranda og Hellesylt vart opna første gong 22.september i 1962 har snøskred vore den største trusselen på fylkesveg 60. Kostnadane for veganlegget den gongen var 9,9 millionar kroner, og var eit spleiselag mellom staten og kommunar. Sjølv om gleda med veg mellom bygdene Sunnylven og Stranda var stor, var det også eit stort ønske om å sikre vegen mot årvisse snøskred. Stort politisk press og innføringa av «rasmilliarden» gav det endelege startskotet for rastrygginga av fylkesveg 60 mellom Røyr og Hellesylt. Vel 50 år etter vegen mellom bygdene opna kan vegfarande endeleg ferdast trygt utan fare for snøskred.

Vegeiar Møre og Romsdal fylkeskommune, Stranda kommune og Statens vegvesen inviterte til opningsfest i helga. Fyrst offisiell opning inne i Ljøtunnelen, før folkefesten fortsette i Stranda sentrum.

Seremonien inne i Ljøtunnelen tok ein knapp time. Sunnylven skulekorps og Stranda kulturskule underheldt dei fleire hundre frammøtte med musikk, dans og song. «Dovregubbens hall» og «grevling i taket» ljoma godt i tunnelen.

Det var også talar frå ordførar Jan Ove Tryggestad, samferdselssjef Arild Fuglseth, regionvegsjef i Statens vegvesen Berit Brendskag Lied, prosjektleiar Arne Ola Stavseng og fylkesordførar Jon Aasen. Sistnemnte fekk det ærefulle oppdraget med å opne tunnelen. Den tradisjonelle snora med Noregsflagg var for anledninga bytta ut med ei mørpølse frå Ole Ringdal AS, som er ei av hjørnesteinsbedriftene i Stranda, og som har kjempa mest for rastrygging av denne vegstrekninga.

Ordførar Jan Ove Tryggestad var klar i sin tale.

- Beste julegåva vi kunne få.

Bedriftene Ole Ringdal og Grilstad hadde også laga "tunnelpølse" for anledninga. Den velkjende pakka med Strandaskinke hadde fått nytt omslag. Fem hundre pakkar med «Saluttskinke» blei delt ut til publikum, og kvar pakke hadde eit nummer i høgre hjørnet. Nummeret var eit lodd i trekningar av gavekort gitt av Stranda kommune.

Folkefesten fortsette på Storfjord Kulturhus i Stranda med gratis pølser med brød, kaffi, saft og «tunnelkake». Kulturskulen underheldt publikum med eit nytt innslag kvar halvtime.

Fyrste byggesteg:
1,2 km forlenging av Streketunnelen mot sør, og rehabilitering av 700m, og veg i dagen mot Hellesylt. Steinmassane blei benytta til rasvollar på Herdal. Arbeida starta 5.mai 2009, og stod ferdig 17.juni 2011.

Andre byggesteg:
1,8km med ny Streketunnel frå den gamle og opp til Ljøen. Steinmassane frå tunnelen blei brukt til rasvollar mellom Røyr og Herdalen. Det blei også bygd 400 m veg i dagen på Ljøen, og ei ny bru på 56m over Ljøelva. Sør for brua blei det laga eit utsiktspunkt mot Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden (Korsfjorden). Arbeida starta 18.mars 2011 og stod ferdig 21.august 2013.

Tredje og siste byggesteg:
Ny Ljøtunnel på 3690 m frå Herdal til Ljøen, og ein 440 m lang betongtunnel (Røyratunnelen). I tillegg blei rasvollane frå Røyr til Herdal ferdigstilt. Arbeida starta 25.september 2013 og blei offisielt opna 17.desember 2016.