Riksveg 53 er utsett for ras og nedfall mange stader, men konsekvensen av stenging er størst mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Eit område vest for Naustbukttunnelen er særleg utsett. Her har vegen vore heilt stengd fem gonger sidan tusenårsskiftet. Førebels siste stenging var 14. november 2005, då det gjekk fleire ras i området. Kostnaden med Naustbukttunnelen blir forskottert av Årdal kommune. Avtale om finansiering mellom kommunen og Statens vegvesen vart inngått den 5. juni 2007.

Å rassikra vegen vest for Naustbukttunnelen så snøgt som mogeleg har høg prioritet og er overordna andre behov for utbetring og tiltak. Ei realistisk målsetjing var å byggja prosjektet i 2008 og 2009.

Parallelt med at Statens vegvesen starta arbeidet med reguleringsplan starta Årdal kommune ein prosess med å forskottera prosjektet.