Fest i Naustbukti

Første del av markeringa gjekk føre seg i Naustbukti i Øvre Årdal. Kulturskulen i Årdal saman med Farnes skulemusikk og Øvre Årdal Janitsjarorkester varma dei frammøtte med flotte musikalske innslag. Fleire hundre barneskuleelevar frå Øvre Årdal og Årdalstangen var med og sette sitt preg på opninga. Saman med Årdalstangen musikklag laga elevane ei fin ramme for toget som marsjerte gjennom tunnelen.

Tryggleik

I over 20 år har lokale krefter jobba for eit tryggare lokalsamfunn. Opninga av den forlenga Naustbukttunnelen er ein viktig milepel i den samanheng. Dette vart òg trekt fram av ordførar Arild Ingar Lægreid, fylkesordførar Nils R. Sandal og leiar for strategistaben i Statens vegvesen Signe Eikenes under den offisielle opningsseremonien.