Prosjektet inneheldt rassikring av ein vegstrekning mellom Årdalstangen og Øvre Årdal på rv. 53.

Den gamle Naustbukttunnel vart forlenga med ca 560 m slik at den eliminerar ein svært rasfarleg vegstrekning. Det vart sprengt ny forskjering i sørvest (mot Årdalstangen), og ca 500 m av eksisterande tunnel vart utbetra og utvida slik at den kunnne skiltast til fri høgde 4,2 m. Den nye Naustbukttunnelen vart ca 1060 m lang. I tillegg vart det bygd ca. 540 m ny veg i dagen, heile vegprosjektet vart dermed ca. 1600 m langt.

I sørvestre ende vart det bygd ca. 30 m portal/rasoverbygg slik at eit bekke- og rasløp kunne førast over tunnelen. I tillegg vart det bygd to rasvollar av ulik storleik. Desse vart bygd av overskotmasse (lausmassar/tunnelstein). Den eine er nord for Naustbukttunnelen i Naustbukti. Den andre er i sørvestre ende delvis oppå portal/rasoverbygg.