Kostnaden med tunnel gjennom Stedjeberget er rekna til 180 mill. 2007-kroner.

Tunnelmassane har i hovudsak vore nytta til turveg og til utfylling for badeplass for Sogndal kommune.

Med Stedjebergtunnelen er første steg i rastryggingsarbeidet mellom Sogndal og Leikanger ferdig. Andre steg på strekninga er bygging av Fatlatunnelen. Her startar tunnelarbeidet like etter påske 2007. Når Fatlatunnelen opnar i 2008 kan vegfarande ferdast mellom Sogndal og Leikanger utan frykt for ras og stengt veg.