Sjølv om Bremangerlandet vart knytt til fastlandet hadde ein på grunn av den dårlege og lange vegen til kommunesenteret Svelgen og til resten av hovudvegnettet, likevel ferjedrift mellom Kjelkenes og Smørhamn.

Bremangersambandet 2 korta ned vegen frå Bremangerlandet til Svelgen med 40 km (ca. 45 min), og gjorde at ein kunne legge ned ferja mellom Kjelkenes og Smørhamn.

Sambandet omfatta utbetring av 2,1 km med veg på strekninga Kolset–Leirgulen inkludert gang-/sykkelveg (skuleveg), utbetring av to krappe kurver og tunnelen på strekninga Leirgulen–Bortnen, og ny veg og tunnel frå Bortnen til Sørdalsvatnet.