- Dagen i dag blir ein historisk dag for Bremanger kommune. Vi går inn i ei ny tidsrekning, før og etter Bremanger2, sa ein tydeleg stolt og glad ordførar Karl Vidar Førde, som stilte med bunad, flagg og ordførarkjede under vegopninga.

Seremonien føregjekk på i Bortnen, der det er tre fastbuande, og truleg har aldri så mange personer vore samla på staden før.

Knytar saman

Ordførar Førde forventar at folk frå Måløy vil nytte det nye sambandet når dei skal sørover mot Florø, Førde og Bergen, slik at vegen vil generere meir trafikk enn den innad i kommunen.

Regionvegsjef Helge Eidsnes ynskte lykke til med den nye vegen:

- Eg ynskjer å gratulere med vel overstått arbeid og splitter ny veg. Og eg håpar vegen blir bare til glede for trafikantar av alle slag, sa Eidsnes, og retta ein stor takk til Mesta Entreprenør AS, K. A. Aurstad AS og Mesta elektro AS for vel utført arbeid.

Og ikkje minst fekk prosjektleiar Susanne Svardal og byggeleiar Arne B. Strand skryt for å ha styrt prosjektet på ein svært god måte.

Nytt reisemønster

Same dag som vegen opna hadde ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn sin siste tur. At ferjeruta blir nedlagt, førar til noko lengre reisetid sørover for dei som bur lengst ute på Bremangerlandet, men ulempa får dei igjen ved at ein no kan reise når ein vil, til alle døgnets tider.

Under opningsseremonien fekk kulturkrefter frå Bremanger og omegn vist seg fram frå scena, mellom anna ved Flora-Bremanger Brassband, og dirigent Johnny Sælemyr som hadde skrive ein fanfare spesielt for vegopninga. Det var òg ei rekkje flotte innslag frå lokale born og ungdomar i Bremanger kulturskule.

- Milepæl

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes stod for sjølve vegopninga, og ho trakk fram at Bremangersambandet er ein viktig brikke i den framtidige kystvegen mellom Ålesund og Bergen.

- I dag feirar me ein ny og viktig milepæl i utviklinga av fylket vårt, og det er ein dag eg er sikker på at folk i heile Bremanger, men òg heile Sogn og Fjordane, vil minnast med glede, sa Kjelsnes.

Media stilte mannsterke opp under vegopninga, og etterpå publiserte NRK Sogn og Fjordane stor nettsak og innslag på Vestlandsrevyen, Firdaposten kom med reportasjer på papir og nett samt ein video der ein køyrer heile den nye vegen og Fjordenes Tidende hadde fleire saker både på papir og nett.