Nerlandsøybrua og Remøybrua i Herøy kommune er i så dårlig forfatning av dei ikkje kan restaurerast. Gjennom eit forprosjekt skal Statens vegvesen tilrå ei løysing som erstatning for dagens bruer. Alternative løysingar som skal utgreiast er fjelltunnel, senketunnel og bruer med ulike seglingshøgder. Arbeidet skal gjerast i nært samarbeid med Kystverket og kommunen.