Prosjektet omhandlar utbetring og oppgradering av fylkesveg 23 frå Tverråna til Alvsvågkrysset. I tillegg til at vegen skal utbetras så skal det også etablerast gang- og sykkelveg langs strekningen, slik at det på den måten blir samanhengande gang- og sykkelveg løysning heile vegen til Svortland sentrum.

Dei utløysande faktorane for prosjektet er at dagens fylkesveg ikkje følgjer krava til vegstandard, trafikksikkerheit eller funksjon som hovudveg for Svortland sentrum. Vegen er høgt prioritert i Bømlo kommune i forhold til trafikksikkerheit og gang- og sykkelvegsystem. Sidan det er lagt opp til utbygging av bustadområdar i kommunedelplanen så vil dette gi et større behov for utbetring av vegstrekninga.