Prosjektet omhandlar utbetring og oppgradering av fv. 23 frå Tverråna til Alvsvågkrysset. I tillegg til at vegen skal utbetras så skal det også etablerast gang- og sykkelveg langs strekningen, slik at det på den måten blir samanhengande gang- og sykkelveg løysning heile vegen til Svortland sentrum.

Dei utløysande faktorane for prosjektet er at dagens fylkesveg ikkje følgjer krava til vegstandard, trafikksikkerheit eller funksjon som hovudveg for Svortland sentrum. Vegen er høgt prioritert i Bømlo kommune i forhold til trafikksikkerheit og gang- og sykkelvegsystem. Sidan det er lagt opp til utbygging av bustadområdar i kommunedelplanen så vil dette gi et større behov for utbetring av vegstrekninga.

Kommunen har vedteke at planforslaget ikkje skal behandlast etter forskrift om konsekvensutgreiing.

Innspel

Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 21. oktober 2016. Send det skriftleg til:

  • Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, merka med Saksnummer 16/581,
  • eller med e-post til firmapost-vest@vegvesen.no.

Har du spørsmål, kan du også kontakte Haakon Dyb Aarøe på telefon 92429474 og e-post haakon.aaroe@vegvesen.no.