I samband med at utkast til reguleringsplan for fv. 303 Seimsdalstunnelen er til offentleg ettersyn arrangerte Årdal kommune og Statens vegvesen eit informasjonsmøte i kinosalen på Årdalstangen 7. november. Det var svært godt frammøte, om lag 70 hadde møtt fram for å få informasjon om prosjektet. Fagfolk frå Statens vegvesen orienterte både om planutkastet og om vidare prosess med grunnerverv og med anleggsgjennomføring.

Spørsmåla frå dei frammøtte var i stor grad knytt til anleggsgjennomføringa. Dette gjaldt fyrst og framst trafikkavvikling i anleggsperioden, og da særskilt for gåande og syklande. Statens vegvesen ga nokre svar rundt dette, men det må arbeidast vidare med dette temaet fram mot anleggstart. Det var og nokre spørsmål rundt beredskap i anleggsperioden og massehandtering. Når det gjeld bruk av massar vil Statens vegvesen søke om å deponere ein stor del av desse i Årdalsfjorden, men er framleis opne for innspel om betre bruk av massane nær Seimsdalen/Årdalstangen.

Merknadsfrist for planen er 26. november.