Skildring av tiltaket

Området kan bli nytta som deponiområde i samband med utbetring av fylkesveg 303 Seimsdalstunnelen mellom Årdalstangen og Seimsdalen. I samband med dette arbeidet søker vi om løyve til å deponere massar i Årdalsfjorden, men vi må arbeide med alternative plasseringar om det ikkje går i orden. I samarbeid med Årdal kommune arbeider vi og med anna bruk av massane, m.a. til skredvollar oppe i Seimsdalen og på Hæreid.

Delar av det aktuelle planområdet er allereie regulert til industriområde. I dette området er maks. fyllingshøgde kote 33. Vi legg opp til å fylle opp til denne høgda, og utvide området sørover. Inn mot fjellet er det aktuelt å fylle høgare. Å vurdere omsynet til bekken i området vil inngå i planarbeidet. Det kan og vere aktuelt å nytte området mellombels i samband med utbetringa av Seimsdalstunnelen.

Planoprådet - Næringsområde ved Finnsastunnelen

Vurdering av konsekvensutgreiing

Det har vore vurdert om det i samband med planarbeidet vil vere krav om Konsekvensutgreiing i samsvar med Forskrift om konsekvensutredninger. Vår vurdering er at det ikkje er krav om dette i samband med dette planarbeidet.

Innspel til arbeidet

Vi ber om at de sender synspunkt og innspel til planarbeidet til oss innan 18. mars 2019. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til:

Kontakt

Om de har spørsmål om planarbeidet kan de kontakte:

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.
Konsekvensutgreiing blir utarbeida i samsvar med plan- og bygningslova § 14-2.