- Vi er klar over at det er éitt år etter planen, seier delprosjektleiar Åsbjørn Søyland. Han beklagar det sterkt. Med utganspunkt i kostnadskutt ønskte prosjekteigar Rogaland fylkeskommune at planane blei gjennomgått på nytt.

Må kutte kostnader

Årsaka til at det dermed blei stans i framdrifta for Bussveien mellom Ruten og Vatnekrossen er at Statens vegvesen har gått gjennom prosjektet for å redusere kostnadar. Sidan i vår har ein jobba med å vurdere konsekvensar ved å bruke mest mogleg av dagens bussløysingar på strekninga, samtidig med at vi skal sikre bussen framkomst.

- Det betyr at vi vurderer både sidestilte og midtstilte bussfelt. Når vi i mars sender nytt forprosjekt til kommunen, kjem vi til å anbefale ei av løysingane, seier delprosjektleiar for strekninga mellom Ruten og Vatnekrossen, Åsbjørn Søyland.

Opne kontordagar

Han forklarar at endeleg løysing og profil for Bussveien på strekninga mellom Ruten og Vatnekrossen likevel er avhengig av kva løysing Rogaland fylkeskommune og Sandnes kommune går for når dei behandlar forprosjektet politisk.

- Så snart forprosjektet er vedtatt av politikarane kjem vi til å ha opne kontordagar der naboar og interesserte kan komme innom og stille spørsmål om prosjektet, fortel Søyland.

Arbeidet med reguleringsplanen startar også når forprosjektet er vedtatt.

Blir kontakta

- Vi har full forståing for at dei som bur langs denne strekninga er frustrerte over ikkje å få svar på kva som kjem.
Grunneigarar som får direkte konsekvensar av planane blir kontakta før forprosjektet blir offentleg. Som regel inviterer vi då til eit privatmøte mellom grunneigar og prosjekteigar.

Når det gjeld eigedomar planen påverkar kan ein eventuell innløysing tidlegast gjerast etter godkjent og vedtatt reguleringsplan.