- Eg vil gratulere Metrostav/Havnen med gjennomslaget. Dette er ein viktig brikke for å få ein tryggare veg til Veitastrond. Det er ein stor dag for Luster kommune, men også ein stor dag for fylket vårt at me no er på veg til få sikra eit av dei farlegaste raspunkta, sa fylkesordførar Jenny Følling.

Feira tunnelen

Gjennomslaget vart gjort i forkant av markeringa, og entreprenøren sin skytebas nytta derfor ein serie med smell frå detonerande lunte som markering. Etterpå fekk følgjet gå gjennom tunnelen til ein rubbhall der feiringa fortsatte. Befolkninga på Veitastrond markerte dagen med flagga til topps, og leiar Asbjørn Nes i Veitastrond bygdelag uttrykkte sin takksemd under kakeseremonien:

- Eg har hatt tre ungar som har brukt vegen som skuleveg, og eg er veldig glad for at mine barnebarn no får ein mykje tryggare skuleveg enn borna mine har hatt, sa Nes.

Folk frå Veitastrond stilte med kaker og smørbrød til markeringa, og det var mange nøgde fjes å sjå blant dei mange frammøtte veitastrendingane.

Norsk-tsjekkisk samarbeid

Prosjektet vert bygd av det norsk-tsjekkiske arbeidsfellesskapet Metrostav / Havnen anlegg. Tunnelen er utforma som ein eittfeltstunnel med møtelommer, som går over i tofeltstunnel i enden mot Veitastrond på grunn av kurvatur og krav til sikt.

- No skal det byggjast opp vegbane inne i tunnelen, det skal vass- og frostsikrast, og leggjast opp røyrsystem for drenering og elektro. Sjølve elektroarbeidet på tunnelen er ute på anbod, og etter planen skal tunnelen opnast for trafikk september neste år, seier prosjektleiar Stein Dyngen i Statens vegvesen.

Arbeidet med Bjørnabakktunnelen starta juli 2014. Massane frå tunneldrivinga er brukt i ein fangvoll under Lindeskreda og ein stor fylling langs Veitastrondsvatnet på undersida der trafikken no går. Mykje masse er allereie lagt opp i fangvollen, og arbeidet med vollen vil bli gjort ferdig neste sommar.