- Arbeidet på Veitastrondsvegen går no mot slutten. Me ser fram til å opne tunnelen før jul, slik at folk i Veitastrond får betre og tryggare veg før dei hardaste vintermånadene set inn, seier prosjektleiar Stein Dyngen i Statens vegvesen.

Asfalt på

Etter vedtak frå hovudutval for samferdsle i juni, vart namnet på den nye tunnelen under Bjørnabakkane bestemt til Langanestunnelen. Asfalt er no kome på både inni og utanfor tunnelen, og det pågår arbeid med betongmurar på veganlegget. Elektroentreprenør vil gjere ferdig sitt arbeid i tunnelen i løpet av november, og så skal styrings- og tryggleikssystema testast opp mot Vegtrafikksentralen.

330 meter

I Lindeskreda vart ledevoll for blautsnø gjort ferdig i fjor, medan siste del av  dei 120.000 kubikkmetrane med massane i fangvollen for tørrsnø blir lagt ut no i oktober. Vollen er 330 meter lang, med ei maksimal høgde på rundt 20 meter. I tillegg til tunnelmasse, er det nytta masse frå oversida av vollen, og det er sprengt ut masse i ein sving sør for Langanestunnelen, slik at vegen samstundes blir meir oversiktleg på det punktet. Saman med plogvollen i Buskreda og skredradaren i Utledøla er fv. 337 no blitt mykje sikrare vinterstid.

- Me er i rute til opninga, og entreprenørane står no på med siste finishen fram til 15. desember, seier Dyngen.

Norsk-tsjekkisk

Delstrekninga er bygd av den norsk-tsjekkiske arbeidsfellesskapet Metrostav Havnen Anlegg, og total kostnad på prosjektet er 253,7 millionar 2016-kroner. Arbeidsdelinga har vore slik at Metrostav har stått for tunnelbygginga, medan Havnen har stått for masseflytting og bygging av fangvoll.

Den 1565 meter lange Langanestunnelen har 8,5 meter tofelts tunnelprofil på sida mot Veitastrond, og går etter kvart ned til eittfelts 5,5 meters profil med møtelommar når ein kjem lenger i retning Hafslo. Under Lindeskreda har vegen fått ny trasé på fylling i kanten av Veitastrondsvatnet, og her vart det opna for trafikk i fjor haust.