Stavanger kommune har sendt regulerinsplanen på høyring og offentleg ettersyn.

- Nå blir det endeleg tryggare for mjuke trafikantar på denne strekninga. Vi planlegg sykkelfelt på begge sider av vegen, og fortau langs heile den eine sida, fortel planleggingsleiar Svein Mæle i Statens vegvesen.

Må rive bygg

Mæle forklarar at det har vore fleire ulukker på strekninga, men at det har vore vanskeleg å planlegge for ei god løysing fordi vegen er så smal.

- Løysinga vi føreslår nå blir ei god løysing for dei mjuke trafikantane, seier Mæle.

På grunn av at området er så smalt, føreslår Statens vegvesen å rive fire hus. I tillegg blir mange eigedomar langs vegen berørt.

- For at det skal bli tryggast mogleg for dei som går og syklar langs vegen, stenger vi fleire av- og utkjørslar til Dusavikveien. Då må vi bygge såkalla samleveger på nokre eigedomar, forklarar Mæle. 

Her kan du finne forslaget til reguleringsplanen: plan 2589 Gang- og sykkelvei Dusavikveien

Har du innspel til planen?

Viss du har merknader eller innspel til planen sender du dei til

Kultur og byutvikling, Postboks 8001, 4068 Stavanger - eller som e-post til postmottak.kbu@stavanger.kommune.no seinast 2. januar 2018.  

Hugs å oppgi boligadressen din.

Vil du vite meir?

Statens vegvesen og Stavanger kommune arrangerer informasjonsmøte om forslaget til reguleringsplanen måndag 11. desember klokka 17.00. Møtet er hos Stavanger kommune, i kantina i Olav Kyrres gate 23.

Alle berørte grunneigarar blir varsla med brev. Grunneigarar har plikt til å informere eventuelle leigetakarar eller andre som har rettigheiter til eigedomar i planområdet.