Fv. 44 er ein viktig hovudforbindelse mellom Klepp og Bryne, og hovudforbindelsen mellom tettstadane på Jæren og byområdet Stavanger, Sandnes og Sola. Det overordna målet med planen er betre trafikktryggleik og trafikkavvikling på fv. 44 frå Braut i nord til Re i sør. Dette inneberer å etablere eit heilskapleg og attraktivt sykkel- og gangvegsystem, planskilde kryssingar av fv. 44, og breiddeutviding av fv. 44 med blant anna 4-felt på delar av strekninga. Etablering av midtdelar og sanering av avkøyrsler er også del av tiltaket.

Varsla planområde er vist på figur. Dette tek omsyn til alternative løysningar for tilkomstveger og for midlertidige areal i anleggsperioden. Endeleg planområde vil bli betydelig mindre.

Plangrense fv. 44 Braute–Re

Plandokumenta er tilgjegelige

  •  som vedlegg til denne sida, sjå under "Last ned"

Møter og kontordag

Det blir arrangert ope orienteringsmøter og kontordag

  • i Time kommune den 20. februar klokka 18:00, i kommunestyresalen på rådhuset i Time,
  • i Klepp kommune den 21. februar klokka 18:00, på Tu skule og
  • felles kontordag den 27. februar frå 14:00 til 19:00 på rådhuset i Time, møterom Fritz Røed, inngang C

Merknader

Vi ber om eventuelle merknader innan 10. mars 2017. Send det skriftleg til:

Kontakt

Har du spørsmål om planarbeidet, kan du også kontakte Bjørn Åmdal tlf. 950 33 506, eller på e-post bjorn.amdal@vegvesen.no.

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 og § 3-7.