For strekninga er reguleringsplan vedtatt. Detaljprosjektering pågår. Bussløysing er midtstilte bussfelt langs fylkesveg 44. For armen mot Bussbrua på Forus er bussløysinga parallellført busstrasé.

Statens vegvesen prioriterer å prosjektere og bygge den nordlege delen først (Diagonalen til Gausel stasjon). På strekninga mellom Gausel stasjon og Hans og Grete stien har vi i prosjekteringsfasen avdekka nokre utfordringar med vatn- og avløpssystemet slik det er vist i den vedtatte reguleringsplanen.

For å unngå forseinkingar held prosjekteringa fram i nord mens vi jobbar med tekniske justeringar i sør. Hovudprinsippa i prosjektet forblir uendra.

Gode løysingar for dei som går og syklar er også ein del av Bussveien.