– Det er kjekt å markera at nok ei strekning av Bussveien er ferdig. Ein viktig milestolpe for bussreisande, syklistar, gåande og for fylkeskommunen, Statens vegvesen, Stavanger kommune, og alle samarbeidande partar. Eg gler meg, seier fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal.

Presis, ofte og behagelig

Målet for Bussveien er å sikre at bussen er «presis, ofte og behagelig». Strekninga på Vaulen bidrar til at bussen kjem presis, og at reisa blir meir behageleg. Bussveien er i tillegg regionen sitt største prosjekt for dei som går og syklar, og desse får eigne felt langs strekninga.

– Vi er veldig glade for at vi er ferdige. To månader med frost i vår har gjort at prosjektet ikkje vart ferdig då det skulle, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy. Bussvei-strekninga som nå er ferdig er strekninga mellom Breidablikkveien og Stasjonsveien på Vaulen. Det er den sjuande fullførte strekninga i Bussveien.

Meir enn bussveg i Vaulenveien

Fylkesvegen har vore open for trafikk under heile byggeperioden, sidan arbeidet starta hausten 2015, men både bilistar og mjuke trafikantar har merka at dei har ferdast gjennom ein byggeplass.

– Naboar og bilistar har vore svært tolmodige. Vi har gravd og bygt både i sjølve fylkesvegen og i området rundt. Men nå er det blitt bra, seier prosjektleiaren. Ho forklarar at Stavanger kommune har nytta høve til å legge nye vatn- og avløpsrøyr både i fylkesvegen og i mange av gatene mellom fylkesvegen og Auglendsbakken.

Omvegar for skolebarn

Ein særleg takk vil prosjektleiaren gi skolebarna på Vaulen skole som i fleire omgangar har gått omvegar mens dei to undergangane under Vaulenveien blei bygt lengre, breidare og gjort lysare.

– Skolebarna har vore så flinke! Det har letta arbeidet vårt mykje. Nå håper vi alle er nøgde med resultatet.

Trafikklys neste veke

Sidan midten av juni har bussane tatt den nye Bussveien i bruk. Men framleis må bussane stoppe i rundkøyringa ved Breidablikkveien. På måndag blir trafikklysa aktivert, slik at bussane får prioritet.

I tråd med reguleringsplan og målsettingane for prosjektet har bussen øvste prioritet i Bussveien. Vegard Thise, prosjektleiar for Bussveien fortel at dei samstundes har jobba med å gjere krysset ved McDonald’s best mogleg også for bilar. Mellom anna blir det ikkje raudt lys for bilen før bussen køyrer ifrå haldeplassen.

Likevel kan det oppstå kø for bilar som kjem frå sidevegane.

Ein del av Bymiljøpakken

Bussveien er ein del av Bymiljøpakken og er éitt av dei største samferdsleprosjekta i Rogaland og blir Europas lengste bussveg. Til saman 22 strekningar på totalt 50 kilometer utgjer Bussveien-prosjektet.

Det er entreprenør Nordbø maskin AS som har bygt strekninga på Vaulen.

Dette er bygt

  • 800 meter bussveg i midten av Vaulenveien
  • 2-sidig sykkelfelt og fortau langs heile strekninga
  • fortau langs Brauta, frå Vaulen skole til Austhallet og Dalsetveien 
  • 1600 meter kommunale vegar er opprusta eller nybygde
  • to undergangar er utvida og bygt på i lengda 
  • støyskjerming langs store delar av vegen 
  • nytt busstopp i begge retningar 
  • ei signalregulert rundkøyring 
  • to signalregulerte gangfelt

Program for markeringa

  • 11:00 Avgang med barnetog frå Vaulen skole med korps (bli med dei som vil!) 
  • 11:20 Oppmøte ved Dekk 1 (Dalsetveien 2E)
  • 11:30 Vegopning ved Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal
  • 12:30 Inviterte gjestar til lunsj i kantina til Statens vegvesen (Bergelandsgata 30)

Les gjerne meir eller sjå filmen på Bussveien si eiga side her. Du kan også følgje Bussveien på Facebook.