Statens vegvesen sendte fredag forslag til reguleringsplan for Bussveien mellom Kvadrat og Ruten til Sandnes kommune.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Tore R. Johansen meiner etaten har laga ein plan som bidrar til ei positiv byutvikling i Sandnes. 

- Det har vore mange omsyn å ta, ikkje minst i Strandgata, men vi meiner vi har fått til ein god plan, seier prosjektleiaren.

Flytter verna bygg

Målet med Bussveien på strekninga er å sikre at dei som reiser med buss kjem fram utan forseinking av annan trafikk. I Strandgata føreslår Statens vegvesen å flytte 11 bygningar, slik at vegen blir litt breiare.

- Vi ønskjer å flytte bygningane mellom ein og to og ein halv meter. Bygningane ligg i eit område som er verna i kommuneplanen, og som Riksantikvaren vurderer som av nasjonal kulturvern-interesse. Når vi får lov til å flytte dei, er det eit kompromiss vi har nådd i nært samarbeid med regional kulturminneforvaltning og byantikvaren, seier Johansen. 

Prosjektleiaren er særleg nøgd med at kostnadene med å flytte husa er merkbart lågare enn ved å rive dei.

Stenger for gjennomkøyring

Strandgata blir stengt for gjennomkøyring med bom. Bommen kjem ved Altona brygge, og blir opna kvar gong bussen kjem. Fram til bommen på kvar side kan bilar køyre til eigedommane. 

- Viss vi ikkje stenger klarer vi ikkje å få bussen fram utan forseinking, forklarar prosjektleiaren. Han er glad for at forslaget som blir lagt fram ivaretar både dei mjuke trafikantane, næringsliv og kulturminne.

Rein bussveg lengst sør

Strekninga mellom Kvadrat og Ruten er i overkant av fire kilometer. Ho startar der Bussveien sluttar i dag, ved Kvadrat på Forussletta. Den midtstilte løysinga held fram gjennom Stavangerveien. Frå Strandgata kan bilar køyre til og frå eigedomar, medan Jernbaneveien, Olav V`s plass (Ruten) og Elvegata blir rein bussveg utan annan trafikk.

Totalkostnad for strekninga er rekna til 960 millionar kroner (2018-tal, +/- 10 %). Det er i tråd med styringsramma.

Sandnes kommune mottok planforslaget fredag. Det er opp til kommunen å vurdere om- og eventuelt kva tid planen blir lagt ut på høyring.

- Vi håpar at vi har ein vedtatt reguleringsplan mot slutten av året eller i starten på 2020, seier Johansen.