Eksisterande fv. 47 går i dag gjennom Åkrehamn. Vegen fungerer her både som handlegate, bustadgate og gjennomkøyringsveg. Dette medfører ulemper både for bebuarar og næringsliv. Det er difor ønskjeleg å avlaste dagens veg gjennom Åkrehamn, for å betre sentrumsmiljøet og forholda for bussar, gåande og syklande. Ny fv. 47 inngår i Haugalandspakken.

Det har blitt utarbeidd ein kommunedelplan som legg ny fv. 47 aust for Åkrehamn, på strekninga frå Søre/Austre Liknesveg, vidare nord mot Killingtjørn og Tostemmen, deretter nordaust mot Heiavatnet, og derifrå mot Veakrossen (krysset med fv. 852 Austre Veaveg). Det blei utarbeidd konsekvensutgreiing og fleire tilleggsutgreiingar til kommunedelplanen. Kommunedelplanen blei vedteken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 02.12.2016.