Statens vegvesen sender onsdag 3. april forslag til reguleringsplan for fylkesveg 47 Åkra sør-Veakrossen til Karmøy kommune. Planleggingsleiar i Statens vegvesen, Kjetil Medhus, seier det har vore mange omsyn å ta.

- Vi meiner vi har fått til ein god plan. Alt i alt anbefaler vi alternativ 1. Dette forslaget har lågast pris, og vi når flest mål ved å gå for denne løysinga, seier Medhus.

Betre for kollektivtrafikken


Dagens fylkesveg 47 går gjennom Åkrehamn. Ved å bygge ny veg på austsida blir trafikken gjennom Åkrehamn vesentleg redusert. Betre trafikktryggleik og lettare framkomst for kollektivtrafikken er også viktige poeng.

Alternativ 1 inneber mellom anna å bygge 5,5 kilometer ny tofeltsveg mellom Ådland i sør og Veakrossen i nord. I tillegg kjem mellom anna tilførselsvegar, bruer, kryss og vegar i sentrum. Dette alternativet kostar 691 millionar 2019-kroner

Frå Grindhaugveien

Alternativ 2 betyr oppgradering av rundt 1,9 kilometer av dagens fylkesveg 47 mellom Ådland og Grindhaugvegen. Vidare må cirka 500 meter av Grindhaugvegen oppgraderast frå kommunal samleveg til hovudveg. Frå Myrdalsvegen må det byggast 3,8 kilometer ny veg til Veakrossen. I tillegg kjem tilførselsveg frå ny fylkesveg 47 ved Killingtjørn mot Åkrehamn, nye kryss og lokalvegar i sentrum.

Alternativ 2 er 1 kilometer lenger enn alternativ 1. Prisen på alternativ 2 er rundt 260 millionar kroner høgare enn anbefalte nummer 1.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 3. april til 22. mai. Varselet om offentleg ettersyn går til svært mange interessentar – i alt 855. I tillegg kjem offentlege instansar og interesseorganisasjonar.

Statens vegvesen arrangerer informasjonsmøte i Karmøy kulturhus, Åkrehamn, 25. april klokka 18:30. Her blir det meir informasjon om reguleringsplanen. 29. april og 7. mai blir det opne kontordagar i lokala til Statens vegvesen i Haugesund. Interesserte kan kome og få meir informasjon om planane.