Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal får æra av å opne vegen fredag klokka 11:00.
Firefeltsvegen, bruene og miljøtunnelen er viktige element i hovudåra nordover frå Haugesund og vidare mot Sveio og Bergen.

- Dei største utfordringane har vore trafikkavviklinga i samband med støypinga av bruene og miljøtunnelen. I tillegg har det vore krevjande å bygge ved Kvaladalselva og Dubberselva, for det er stilt strenge miljøkrav, fortel byggeleiar Geir Egil Mortveit i Statens vegvesen.

Sjølv om vegen opnar offisielt fredag, er det framleis litt arbeid som står igjen. Mellom anna gjer vêrprognosane at vegen ikkje blir merka dei første dagane. Det betyr at farten er sett ned gjennom området.

Under budsjett

Prisanslaget for prosjektet var 278 millionar 2015-kroner. Det er det same som 291 millionar 2017-kroner.

- Sluttsummen ser ut til å bli i overkant av 280 millionar kroner. Det er vi godt nøgde med, seier Mortveit.

Dette er gjort

  • Det er bygd 1340 meter firefeltsvei
  • I alt 1960 meter sykkelveg med fortau 
  • 80 meter lang bru over Kvaladalselva
  • Brua over Dubberselva er 42 meter
  • Miljøtunnel er 142 meter lang
  • To rundkøyringar 
  • Gangbruer over Dubberselva
  • Omlegging og tilpassingar av lokale vegar, i alt 365 meter
  • Det er bygd fire busslommar
  • Rasteplass over miljøtunnel 
  • 480 meter med støyvollar og 150 meter med støyskjermar
  • Vatn- og avløpssystem i samarbeid med Haugesund kommune
  • Nye veglys

Risa AS har vore entreprenør. Etter opninga er det lunsj for inviterte gjester på Uni-K, Kvalamarka 20.