Planområdet omfattar ein vegstrekning på omlag 700 meter. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for betre trafikktryggleik og auka kapasitet på strekninga.

Utviding av Frøyland bru er eit prioritert prosjekt. Dagens bru er om lag 4,5 meter brei og kan karakteriserast som einfeltsveg. Dette gjer at Frøyland bru i dag er ein flaskehals for fv. 505. Vegen har ein viktig funksjon blant anna som alternativ veg for fv. 44. Dagens utforming er spesielt utfordrande for næringstrafikk og vogntog som brukar fv.505. Det skal vurderast behov for å utbetre dagens gang- og sykkelveg i området ved brua.

I dag er det ikkje fortau langs vestsida av fv. 505, mellom Frøyland bru og Kverneland sentrum. Kryssing av fv. 505 skjer langs heile strekninga, noko dei som bur langs vegen opplever som utrygt. Det vil difor no bli planlagt for samanhengande fortau på vestsida frå Frøyland bru og sørover fram til eksisterande fortau.

Fv. 505 Frøyland bruFrøyland bru 2017. Foto: Trine Hystad