Statens vegvesen startar reguleringsplanarbeid for ny kollektivtrasé mellom Ullandhaug og Jåttå. I tillegg til trasé for kollektivtrafikk skal det byggast gode løysingar for dei som syklar og går.

- Det er eit krav at kollektivtraséen må vere på plass når første byggetrinn av Stavanger universitetssjukehus er klar til bruk i 2023, seier planleggingsleiar Kjetil Medhus i Statens vegvesen.

Strekninga kor kollektivtraséen blir planlagt er cirka to kilometer lang. Den går frå fylkesveg 510 Diagonalen/fylkesveg 44 Boganesveien/Jåttåvågveien («Karusellenkrysset»), og vestover langs fylkesveg 395 Madlaveien.

Kollektivtraséen, med løysingar for gåande og syklande, skal bidra til at fleire reiser kollektivt, syklar og går – og dermed vere med på å nå målet om nullvekst i persontransport med bil.

Eit planforslag kan vere klart i løpet av januar 2019. Deretter kjem politisk behandling i Stavanger kommune. Folk kan kome med merknader til planforslaget når det blir lagt ut på høyring, truleg våren 2019. Målet er å ha ein vedtatt reguleringsplan i løpet av 2019.

Prosjektet er ein del av Bymiljøpakken.