I dag er det ikkje lagt til rette for mjuke trafikantar på den 500 meter lange strekninga. Målet med Miljøgate Nedstrand er mellom anna å sikre tryggeleik og framkomst for denne trafikantgruppa.

- Vi må tenke gatetrafikk og parkering på ein best mogleg måte, slik at området opplevast som ein «strandstad» der det er fint å vere, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Margrethe Skimmeland Grinde.

Gode forslag frå deltakarane

Seminaret på tysdag blei arrangert på Café Nais i Nedstrand. Representantar frå både Rogaland fylkeskommune, Tysvær kommune og andre som kan bli påverka var til stades.

- Deltakarane kom mellom anna med forslag til kor vi kan legge dei nye parkeringsplassane. Nokre av forslaga var utanom planområdet mens andre meinte dei skulle ligge på kommunal grunn. Dei meinte også at gode møteplassar er på kaien og ved butikkane, fortel Skimmeland Grinde.

Fekk ny kunnskap

Prosjektleiaren legg til at planarbeidet tar omsyn til bruksverdiar for reiseliv, næring og bygningsverdiar.

- Vi ønskjer å bruke minst mogleg areal av privat eigedom, men  noko må vi nok likevel rekne med for å oppnå gode løysingar, seier ho.

Skimmeland Grinde var svært nøgd etter seminaret. Nå har ho og prosjektleiinga meir kunnskap om lokale forhold dei må ta omsyn til.

- Det var mellom anna viktig for dei frammøte at vi ikkje legg parkeringsplassar der dei om sommaren set opp volleyballnett.