Planen er på høyring fram til 21. januar, og målet med planen er å regulere for utbetring av fylkesvegen gjennom å leggje denne ut på deponi frå kraftutbygginga til Hydro Energi AS, utanfor den eksisterande Holsbrutunnelen. Samstundes ønskjer ein å sikre areal for plassering av massar frå bygging av ny skredsikringstunnel ved Ljoteli.

Dokumenta ligg i digital form her på Statens vegvesen sine nettsider, og på Årdal kommune sine nettsider

http://www.ardal.kommune.no/ . Planutkastet er og tilgjengeleg på rådhuset på Årdalstangen.

 

Fristen til å komme med merknader til planen er 21. januar 2019. Merknadane bør seie noko om kva endringar ein ynskjer i planen og kvifor.

 

Eventuelle merknader skal sendast til: Statens vegvesen

Region vest

Postboks 43

6861 Leikanger

 

eller til firmapost-vest@vegvesen.no.

Spørsmål i samband med høyringa kan rettast til Otto Eikeset på e-post otto.eikeset@vegvesen.no eller på tlf. 91143676.

 

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen er

utarbeidd etter plan – og bygningslova §§12-3 og 3-7.