Prosjektet omhandlar reguleringsplanarbeid for fylkesveg 542 gjennom Svortland sentrum i Bømlo kommune.

Hovudmålsettinga med planen er å tona ned køyrevegen til fordel for ei miljøgateløysing der mjuke trafikantar er prioritert. Planen skal legge til rette for at eksisterande miljøgateprofil i austleg del av sentrum blir vidareført gjennom heile sentrumsområdet. Det skal etablerast fartsreduserande tiltak og leggast til rette for gåande, syklande og kollektivtrafikk. Aktuelle tiltak vil vere å stramme opp gateløp, opparbeide tosidig samanhengande fortau og vurdere nye løysingar for utkøyringar og parkeringsplassar.