Ny veg- og bruløysing planlagt på fv. 551 forbi Furebergfossen

Animasjonen er laga med særleg fokus på å syne den planlagde situasjonen sin innverknad på Furebergfossen som landskapselement.

I fyrste filmsnutt zoomar ein seg ut frå den planlagde brua slik at ein ser anlegget i høve til fossen, frå fjorden. I den neste snutten «køyrer» ein den planlagde vegen frå vest (Rosendal-sida) mot aust (i retning mot Odda). I denne snutten kan ein blant anna tydeleg sjå ny stopplomme som er planlagt på fjordsida vest for den nye brua. Denne kan til dømes nyttast av turistar som vil stoppe for å sjå nærare på fossen. Den tredje og siste filmsnutten gir ei oversiktsvisning av veganlegget frå fjorden mot Furebergfossen.