Framlegget vert no sendt over til Kvinnherad kommune for vedtaking. Ny veg vil få ei breidde på 6,5 meter brei veg. Fartsgrensa er dimensjonert til 60 km/t.

Den nye brua er plassert lenger ut frå Furebergfossen enn dagens og ligg noko høgare i terrenget. Sjølve brua blir om lag 50 meter lang.

Løysinga vil gje betre og tryggare veg. Mellom anna vil det ikkje lenger vere fare for steinsprang frå fosseløpet. Når den nye brua er på plass vil også punktet med høgast skredfaktor på fylkesvegnettet i Hordaland bli borte.

På vestsida/Rosendal-sida av Furebergfossen vil det verte ei stopplomme på fjordsida av den nye vegen. Lomma vert litt større enn den lomma som er der i dag.

I samband med utbygginga kan det bli aktuelt å nytte turistvegmidlar i området. Furebergfossen er ein av innfallsportane til Turistveg Hardanger.