Planarbeidet gjeld utbetring av eksisterande fylkesveg 57 frå Lindås tettstad til Mongstad, samt etablering av parallell gang- og sykkelveg. Føremålet med planarbeidet er å fastleggje plassering og utforming av køyreveg, kryssløysingar, gang-sykkelveg og samstundes sikre areal til gjennomføring av prosjektet.