I sin tale tok fylkesordføraren eit illustrerande tilbakeblikk til då Kong Haakon opna vegen for 78 år sidan.

- Lite ante vel både kongen og dei frammøtte at vegstandarden skulle køyre frå denne vegstrekninga på ei så iaugefallande måte som historia har vist, sa Åshild Kjelsnes, og uttrykkte glede over at nok ein delstrekning av Fv.60 Olden-Innvik no kunne takast i bruk.

Vegopninga føregjekk langs vakre Nordfjord i strålande sol, og musiker Arne Sølvberg skapte ei flott ramme rundt arrangementet med sit virituose hardingfelespel som klang flott reflektert av dei bratte fjella.

955 meter

Delstrekninga Agjeldstunnelen består av den 955 meter lange Agjeldstunnelen og 1020 meter veg i dagen. I tillegg er det bygd rundt 300 meter lokalveg som del av prosjektet og det har vore omfattande fjellsikring, spesielt på austsida av tunnelen. Etter siste prognose ligg total kostnad på strekninga på 187 millioner kroner.

Arbeidet er utført av hovudentreprenør NCC Construction AS, med underentreprenørar Volda Maskin AS, Yri Sand AS, Gjerden Fjellsikring AS og HS Bygg AS. Elektroarbeid er utført av Kvinnherad Elektro AS, og vegetasjonsrydding vart gjort av Lars Kveen AS med T. Frivik Taubanedrift AS som underentreprenør.

Siste delstrekninga inn mot Olden på rundt 5 kilometer står no att, og fylkesordføraren sa frå scena at ho har bedt om eit møte med samferdselsdepartementet for å diskutere finansiering av siste delstrekninga, som har ein pris på 400 milloner kroner.

Ventar løysing

-Me må finne ut korleis me raskast kan få opprusta resten av strekninga, medan me ventar på ei betydeleg trafikkauke i samband med at E39 skal gå over denne traseen. Min forventning er at me skal få ei god og snarleg løysing, sa  Kjelsnes.

Flankert av ordførar Sven Flo i Stryn og avdelingsleiar Nils Magne Slinde i Statens Vegvesen klypta ho så av snora og erklærte tunnelen for opna, til applaus frå frammøtte naboar til vegen og representantar frå fylkeskommune, kommune, vegvesen og entreprenørar. Deretter fekk ho ein tur gjennom tunnelen i prosjektleiar Jon Harald Huseklepp sin nypussa 1972-modell BMW veteranbil, saman med Sven Flo og Nils Magne Slinde.

Ordførar Sven Flo sa tydeleg ifrå at han no ynskjer å bli kvitt stempelet "Norges verste veg".

- Om sommaren har me stor trafikkauke knytt til turisme, med turistbussar og bobilar som er like breie som vegen, og med sjåførar som knapt har brukt revers. Og på vinteren med endå smalare vegbane på grunn av snø. Eg trur eg veit korleis dei som ferdast her kvar dag opplever dette, sa Flo.

Er klare

Flo påpeika også at vegen er svært viktig for nyttetransport, til dømes melketransport til meieriet på Bykjelo, varetransport av forskjelleg slag og ikkje minst syketransport til sjukehuset i Førde til alle årstider.

Nils Magne Slinde i Statens vegvesen sa at Vegvesenet er klare til å gjere ferdig siste strekket når pengane kjem på plass.

- Me har også lyst å skru ned skiltet med "Norges verste veg", det kan nokon andre få overta. Eg er ikkje sikker på om det vil bli flytta internt i fylket, men det får me kome tilbake til, sa Nils Magne Slinde.