Prosjektet ligg på fv. 60 og omfattar sanering og omlegging av kryss på strekninga Blindheimshallen–Hatlehol–Flisneskrysset. Dagens system skal avløysast med etablering av rundkøyring, nye sidevegssystem og trafikksikre løysingar for mjuke trafikantar. Prosjektet er ein del av den planlagte bypakken for Ålesund.