Mange kabelmeter

I august starta elektroarbeidet inne i Vangbergstunnelen. Roadworks Traftec AS skal setja opp lamper og leielys, trekka kablar, innreia tekniske bygg og kopla til ei rekkje tryggleikssystem.

- Det mest tidkrevjande arbeidet er trekking av kablar og kopling av lysarmatur. Dette er me godt i gang med no, fortel Lars-Asmund Hestø, Traftec sin anleggsleiar i Olden.

Kablane som fører straum til lampene i taket ligg på kabelbru, dei skal koplast til tekniske bygg inne i tunnelen. I tillegg ligg det kablar i grøfta langs tunnelen, frå dei tekniske bygga til leielysa, tryggleikssystema osb. Totalt blir det nesten 20 km med kablar i hele tunnelen. Alle desse kabelmetrane og samankoplingane blir mest usynlege i den ferdige tunnelen, men det ville fort bli merkbart om noko av det ikkje fungerte.

Lars-Asmund HestøLars-Asmund Hestø, Traftec sin anleggsleiar, syner fram eitt av lysarmatura som skal monterast i Vangbergtunnelen. (Foto: Silje Drevdal)

245 lyskjelder med tilpassa lysstyrke

- I denne tunnelen skal det opp 245 lysarmatur, fortel Hestø vidare. 27 av desse er naudarmatur, dvs. at dei alltid vil vera dei siste lampene som sluttar å lysa om det skulle skje noko med det vanlege lyset i tunnelen, t.d. ved eit straumbrot. Dei går på eiga avbrotsfri straumforsyning frå batteri.

Til liks med lys i alle andre lange tunnelar, vil lampelyset i Vangbergstunnelen variera frå innkøyringssona til midten av tunnelen – den indre sona. Det er mest lys i tunnelmunningane, slik at pupillar tilvande dagslys skal få tid til å omstilla seg. Avstanden mellom lampene i tunnelen varierer difor frå 1 til 11 meter.

I tillegg blir lysstyrken inne i tunnelen automatisk justert i forhold til lyset utanfor tunnelen.

- Det står lyssensorar ved tunnelinngangane, fortel Hestø. Dei registrerer aukande og minkande dagslys, og tilpassar tunnellyset, slik at kontrasten for trafikantar som køyrer inn i tunnelen ikkje skal bli for stor.

Betre med LED

- Alle lampene i denne tunnelen er LED-armatur. Desse har eit mykje kraftigare lys enn dei eldre lyskjeldene, men lampene blir dimma ned og har innebygde reflektorar som leier lyset, slik at det ikkje skal vera blendande for bilistar.

LED-lys har vore i bruk i norske tunnelar sidan 2013. Desse lysa er sterkare, nyttar mindre straum og har lengre levetid enn eldre typar tunnellys. Det lovar godt for trafikktryggleiken, men betyr òg at det blir naudsynt med mindre vedlikehald i tunnelane.

Framleis anleggsområde

For dei som er nysgjerrige på korleis tunnelen blir sjåande ut, eller som er freista til å ta snarvegen allereie no, understrekar anleggsleiaren at tunnelen framleis er eit anleggsområde.

- Det kan sjå roleg og ufarleg ut for utanforståande, men her går det føre seg mykje som ikkje er so lett synleg eller forståeleg for dei som ikkje arbeidar med dette. Tunnelen er eit anleggsområde, og sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut, kan det kan vera svært farleg å bevega seg inn på eit slikt område. Folk må smørja seg med tolmod nokre månadar til. Men det er ikkje lenge att no!

Elektroarbeidet er siste del av arbeidet på den nye vegen mellom Ugla og Skarstein. På nyåret skal entreprenør og Vegvesen køyra omfattande testar, for å sikra at alt fungerer slik det skal. Planen er å få endeleg godkjenning for opninga av tunnelen i mars.

- Me skal gjera vår del for å komma i mål, forsikrar Hestø.

- Det blir lys til jul!