Turisttrafikken og issalet nærmar seg eit toppunkt, og i små vestlandsbygder kan ein høyra livleg passiar på framande tungemål. Cruiseskipa kjem glidane inn fjordane, og langs fjordsidene går sommartrafikken – med meir eller mindre god flyt. Med fleire utanlandske vitjande enn nokon sinne kan det bli tett mellom bilane, og ikkje alle er like vane som nordmenn med å manøvrera gjennom svingar og tunnelar. Men entusiasmen er det sjeldan noko å utsetja på.

 

På ein rasteplass mellom Loen og Olden er ein liten familie i ferd med å gjera eit utebord om til friluftskjøken. Anton og Natalia frå Russland er på Noregsferie for femte gong. Dei trivst so godt her at dei kjem tilbake gong etter gong. I år blir det derimot berre ein kort tur, fortel dei, for ungane er små blir fort leie. Fem dagar i bil er nok, men til neste år har dei ambisjonar om å nå meir.

- Bergen, svarar Anton med eit smil på spørsmål om kva som er favorittstaden hans so langt. Natalia blir reint salig i blikket når ho nemner Lofoten. Denne gongen går turen vidare mot Geiranger. Men fyrst skal dei nyta middag med fjordutsikt.

OldenUtsikt til maten (Silje Drevdal, Statens vegvesen)

Russarane deler rasteplassen med ein enda meir langvegsfarande familie. Den eldste generasjonen peikar fort mot dei yngre, med eit uforstånde og unnskuldande. Jitong Sun snakkar engelsk, og kan fortelja at ho og mannen bur i Sverige, men at dei no har med seg foreldra hennar som er på besøk frå Kina. Mange venner har tilrådd dei å reisa til Noreg, so no er dei på rundreise tur-retur Stockholm. Ho hugsar ikkje namnet på nokon av stadane dei har passert so langt, og veit heller ikkje kva det heiter der dei er på veg, men det legg ikkje nokon dempar på entusiasmen for natur og landskap. Og den gode skiltinga, legg ho til. Det har gått fint å køyra på smale og svingete vestlandsvegar, for det er godt skilta når vegen smalnar inn, eller kor ein bør setja ned farten.

Olden 2Turisttrafikk til lands og til vanns (Silje Drevdal, Statens vegvesen)

I Olden nyt Olav Eriksen sommarsola saman med kona og kaffitermosen. Dei er heimehøyrande i Telemark, men har komme frå Flåm i dag. Sjølv med litt vel mange tunnelar på siste etappe, har vegane vore generelt gode, seier dei, og trafikken flyt fint.

- Me har det ikkje so travelt, me er jo på ferie, smiler Eriksen. Dei fleste tek det med ro, og då går det fint. Men det finst jo nokre som må køyra forbi.

- Det kan dei helst gjera utanfor tunnelane, tykkjer fru Eriksen.

 

Inne på nærbutikken er det òg jamn trafikk. André Opheim smiler bak kassa. Han har merka oppgang i turisttrafikken i år som i fjor, men veit ikkje om det skuldast nye Loen Skylift, eller generell auke. Han kan elles fortelja at turistane no har fått betre høve til å nyta utsikten mellom Olden og nabobygda. Som so mange andre stadar var fjorden der gøymd av overivrig vegetasjon. No har kontaktutvalet for Olden og Oldedalen rydda ned mot vatnet, slik at det er open sikt mot fjelltoppar og blågrønt vatn.

 

Olden 3Sommaridyll i Olden (Silje Drevdal, Statens vegvesen)

På andre sida av vegen serverer Monika frå Litauen kaffi på kaféen. Ho er ikkje spesielt imponert over dei lokale vegane.

- Eg har budd mange år i London og er van med eit heilt anna trafikksystem, fortel ho. Noreg er eit rikt land, ein burde hatt råd til betre vegar her. Eg skjønnar kvifor ein ikkje har gjort noko med vegen mellom Ugla og Skarstein før no.

Ho køyrer ikkje sjølv i Noreg, påpeikar ho, men tykkjer det må vera vanskeleg for dei fastbuande med den smale vegen. Det er fyrste sommaren hennar i Olden, og det var heilt tilfeldig at ho hamna her.

- Det er veldig fredeleg her, og gode moglegheiter for både avslapping og friluftsaktivitetar. Men det blir kanskje litt i overkant stille for meg, i alle fall om eg skulle budd her utanom sommarsesongen, smiler ho.

To indarar på to hjulTo indarar på to hjul (Silje Drevdal, Statens vegvesen)

Ute ved den nye tunnelmunningen på Vangberg kjem to indarar på to hjul. Manoj Patil og Ruhit Sane er mannskap på cruiseskipet som la til kai i Olden i dag, etter å ha segla frå Stavanger. No når sola endeleg skin, nyttar dei høvet til å lufta seg og sjå seg litt om. Dei er svært nøgde med både vegar og landskap.

- Heime i Mumbai er trafikken kaotisk. Det er veldig mykje folk og bråk. Dessutan forsvinn vegane kvar år i monsunen, gjerne før dei er ferdigbygde. Her er det veldig stille og ryddig i samanlikning.

Den norske sommaren er dei kanskje ikkje like imponerte over, sjølv om vêret akkurat i dag ikkje er å klaga over. Det har vore skiftande og ganske kaldt so langt.

Ruhit er fascinert av den norske busetnaden.

- Det er eitt hus her og eitt hus der, seier han. Og det går veg til alle!

Lysregulering VangbergVentande ved Vangberg (Silje Drevdal, Statens vegvesen)

På andre sida av den lysregulerte strekninga står ein velbrukt grøn bil fremst i køen. Den hyser ein vennegjeng frå Polen. Dei har køyrt frå Oslo og skal enda opp i Lofoten om fem dagar, fortel jenta i passasjersetet på imponerande god norsk for ei som berre har budd i landet i eit år.

Før ho rekk å seia noko meir, er ventetida over, lyset blir grønt, og dei forsvinn innover mot Olden.

Lyset i enden av tunnelenLyset i enden av tunnelen (Drevdal, Statens v.)

Fréderic di Gesú og kona rullar inn like etter siste bilen er køyrd. Dei to franskmennene har køyrd frå Flåm i dag, og valde fjellet mellom Aurland til Lærdal for å nyta utsikten gjennom bilvindauga. Det får heller vera at dei gjekk glipp av verdas lengste tunnel – tunnelar er det uansett nok av. Frédéric skryt både av utsikt, natur og norsk skilting. Eller kanskje rettare av kor få skilt det er langs vegen.

- I Frankrike er det fullt av reklameskilt alle stadar, kan han fortelja. Det kan vera vanskeleg å vita kva skilt ein skal følgja med på. Her er det ingen reklameskilt, berre vakker natur!

Lyset går i grønt, og dei to må skunda seg av garde før køen bak dei blir utålmodig.

 

Familien DieckFamilien Dieck (Silje Drevdal, Statens vegv.)

På veg ned frå Utvikfjellet har Andreas Dieck of familien frå Witten i Tyskland stoppa på eit populært utsiktspunkt. Andreas har feriert i Noreg heile livet. Foreldra tok han med på campingferie her, og då han vart gammal nok reiste han på bilferie sjølv. No er han tilbake med kone og to lyslugga ungar kledde i det norske flagget. Dei skal vera i Noreg i to veker, før dei køyrer til Sverige for å møta venner der.

- Å reisa i Noreg er som å reisa i fortida mi, seier han. Eg har so mange gode minner herifrå! Landskapet er det same, det endrar seg ikkje. Men vegane er vortne noko betre. 

Han stoppar medan ein turbuss med kinesarar pesar seg i gang att i retning Byrkjelo.

- I kveld skal me køyra til Olden. Kor lenge me blir der, veit me ikkje – kanskje ein dag, kanskje fem. Det er veldig kjekt å kunna reisa slik, held han fram og nikkar entusiastisk mot bubilen. Den gir familien fridom til å ta det som det kjem, stoppa om dei kjem over noko interessant, og fortsetja når det passar dei. For ingen veit kva oppleving som ventar bak neste sving, og vegen er full av små og store oppdagingar, om ein tek seg tid til å finna dei!

 

Framleis god sommar til alle!