Tysdag 9.februar kl.13.00 var det tilbodsopning på regionvegkontoret på Leikanger. Totalt 11 tilbod kom inn, og det skilde om lag 63 millionar kroner mellom det høgaste og lågaste tilbodet.

Kruse Smith Entreprenør AS var lågast med 202,8 millionar kroner. Nærast var Porr Norge AS med 207,4 millionar kroner.

– Det har vore stor interesse kring dette prosjektet, det såg vi på tilbodssynfaringa i januar, på talet tilbod som kom inn og på prisane. Signala frå bransjen tyder på at det er stor konkurranse i marknaden, og det lågaste tilbodet ligg også under forventa pris, seier prosjektleiar Erling Varlid.

No skal tilboda evaluerast og kontrollreknast før ein tek ei endeleg avgjerd.

–  Etter framdriftsplanen vert kontrakten med entreprenøren signert i løpet av mars. Anleggsarbeidet vil truleg starte i april, seier Varlid.

Prosjektet inneheld vegutbetring av fv. 60 mellom Ugla og Skarstein i Stryn kommune, ei strekning på om lag fem kilometer.

Ved Ugla skal det byggast ein tunnel på1170 meter forbi Vangberghammaren. Vidare mot Olden går vegen langs eksisterande trase, med enkelte justeringar av veglinja.

Den nye vegen skal stå ferdig sommaren 2018.

  

Tilbodssum

Tilbodssum ekskl.   mva

Kruse Smith   Entreprenør AS

202.788.885,30

Implenia Norge AS

228 329.217

Strabag AG

220.614.193,29

AF Birkeland   Entreprenørforretning AS og Kveen AS

215.210.778

KA   Aurstad AS

220.992.137,10

Porr   Norge AS

207.384.901,21

Veidekke   Entreprenør AS

265.482.080

AF Gruppen Norge                     

224.544.735,60

Aldesa Construcciones

254.604.280,63

AF Metrostav AS og Bertelsen &Garpestad   AS

211.754.936

AF Volda maskin AS   og Leonard Nilsen &Snr AS

213.936.637,90