Statens vegvesen er i samarbeid med Gaular kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for rasteplass ved Eikelandsfossen i Gaular kommune. Rasteplass ved Eikelandsfossen er ein del av satsinga på Nasjonal Turistveg på Gaularfjellet.

Formål med planarbeidet

Fylkesveg 610 over Gaularfjellet er ein av vegstrekningane som er utpekt som nasjonal turistveg og Eikelandsfossen er ein av attraksjonane lags vegstrekninga.

Det er ein rasteplass her i dag, men den er i dårleg forfatning. Turistvegseksjonen ønsker derfor å ruste opp denne og legge til rette for sti og utsiktspunkt til Eike¬landsfossen. P-plassen blir planlagt for personbilar. Med bakgrunn i dette skal
det utarbeidast ein reguleringsplan. Målet med prosjektet er å gi reisande kvile og gode opplevingar over Gaularfjellet, samt legge til rette for universell utforming.

Målet er å ha godkjent reguleringsplan innan januar 2020.

Fv. 610 EikelandsfossenFoto: Eli Mundhjeld