Fv. 610 over Gaularfjellet er ein av vegstrekningane som er utpekt som nasjonal turistveg og Eikelandsfossen er ein av attraksjonane lags vegstrekninga.

Det er ein rasteplass her i dag, men den er i dårleg forfatning. Turistvegseksjonen ønsker derfor å ruste opp denne og legge til rette for sti og utsiktspunkt til Eikelandsfossen. P-plassen blir planlagt for personbilar. Med bakgrunn i dette skal det utarbeidast ein reguleringsplan. Målet med prosjektet er å gi reisande kvile og gode opplevingar over Gaularfjellet, samt legge til rette for universell utforming.

Målet er å ha godkjent reguleringsplan innan januar 2020.

Framdrift og frist for innspel 

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss innan 12. juli 2019. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til:

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter § 3-7og § 12-3.

Ta gjerne kontakt

Dersom de har spørsmål om planarbeidet, kan de også kontakte Gyril Fimreite på telefon 416 29 355 eller e-post gyril.fimreite@vegvesen.no.