Frå grensa mot Møre og Romsdal til Maurstad er køyrelengda på fylkesveg 61 om lag 5,5 km. Vegen har vorte utbetra i fleire omgangar. På denne strekninga står det no att om lag 1,3 kilometer med dårleg veg mellom Naveosen og Brubakken. Her er vegen smal, har dårleg kurvatur og bereevne. Ved Brubakken er det noko busetnad på begge sider med ein del dårlege avkøyrsler. Ein ønskjer no å framskaffe eit plangrunnlag (reguleringsplan) for denne strekninga slik at ein kan starte med ei utbetring i nær framtid.

Fv. 61 Brubakken

Brubakken (Foto: Ellen Njøs Slinde)