Hovudmålet for planarbeidet er å leggje grunnlaget for utbetring av eksisterande fv.61 mellom Naveosen og Brubakken i Vågsøy kommune. Utbetringa vil gje auka trafikktryggleik og betre framkome på strekninga.

Ope møte

Det bli arrangert ope møte torsdag 17. januar 2019 kl. 18.00 på Bryggja grendahus.

Merknadsfrist

Eventuelle merknader til reguleringsplanen må sendast skriftleg innan 1. februar 2019 til:

Statens vegvesen, Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger

eller til firmapost-vest@vegvesen.no

Handsaming

Etter at høyringsfristen er ute vil Statens vegvesen ta stilling til alle innkomne merknader. Alle innkomne merknader og Statens vegvesen sine kommentarar til desse blir deretter sende til Vågsøy kommune. Kommunen handsamar reguleringsplanen med grunnlag i reguleringsplan, innkomne merknader og Statens vegvesen sine kommentarar til merknadane.

Spørsmål til planen kan stillast til:

Otto Eikeset, Statens vegvesen
Tlf. 911 43 676, otto.eikeset@vegvesen.no

Janne Midtbø, Vågsøy kommune
Tlf. 578 45 071, janne.midtbo@vagsoy.kommune.no