Statens vegvesen Region midt har i samarbeid med Molde kommune utarbeidd reguleringsplan for fylkesveg 62 Kleive–Nesbøen. Planen omfattar fv. 62 i ei lengde på omlag 570 meter, og legg til rette for å etablere gang- og sykkelveg på strekninga.

Reguleringsplanen skal vise tiltaket og bruk av dei areala som blir nytta. Reguleringsplan er nødvendig rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, og ved eventuell ekspropriasjon av grunn.

Oppstart av planarbeidet blei meldt i september 2013. Det blei samtidig sendt brev med varsel om oppstart til grunneigarar, organisasjonar og offentlege etatar. Planen er på høring i perioden 22. desember 2017– 11. februar 2018.