- Dette er ein festdag i verdas vakraste kulissar, og me har verkeleg vêrgudane med oss i dag, til den siste tunnelopninga i noverande Sogn og Fjordane fylkeskommune, sa fylkesordførar Jenny Følling før ho klyppte snora til den 598 meter lange Strandanipatunnelen.

Tunnelen sikrar vegen til bygda Honningsvågen, som er nærmaste nabo til det berykta Stadthavet. Denne dagen låg havet blankt, og knapt eit vindpust var å kjenne medan talar og kulturinnslag vart framført frå scena. Planen var opphaveleg å ha vegopninga inne i tunnelen, men det gode vêret 18. desember gjorde at scene ut mot havet var eit mykje betre alternativ.

Eit drøyt års byggetid

Avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen fortalde at det er bygd 598 meter tunnel og 360 meter veg i dagen med ein vegbreidde frå 3-5 meter. Vegen sikrar trygg tilkomst for dei 38 bebuarane og naudhamna i Honningsvågen. Prosjektet har ein total kostnad på omlag 120 millionar kroner.

Det er YIT Norge AS som er hovudentreprenør og har stått for tunneldrivinga, Volda Maskin AS har frakta steinmassar, bygd veg og deponi og Kraftmontasje AS som har utført elektroarbeidet.

- Samarbeidet på anlegget har vore godt, og ein har i fellesskap kome fram til gode løysingar og utført eit solid fagleg arbeid, sa Finden.

Einstemmig sikring

Sikring av fv. 633 vart vedteke av eit einstemmig fylkesting i desember 2015. Eksisterande veg forbi Kleiva var utsett for ras og det var mange nedfall av stein på vegen. Det vart utført sikringstiltak i 2011, men framleis var det periodar med stengingar på grunn av rasfare.

Den opphavelege planen var å utbetra det over 50 år gamle rasoverbygget som delvis rassikra vegen, men tilstanden var så dårleg at det ikkje ville svara seg å reparere det.

- Me hugsar godt då postbilen fekk stein gjennom taket i 2011, og opp gjennom åra har det vore mange dramatiske situasjonar i Kleiva. Vi er difor svært glade for alt arbeid og midlar som er lagt ned for å gje oss sikker veg, sa Anita Skeistrand Honningsvåg på vegner av befolkninga i Honningsvågen.