Fylkesveg 63 er einaste tilkomstveg til Geiranger om vinteren, og er ofte stengt på grunn av snøskred eller fare for snøskred. Strekninga mellom Korsmyra i Stranda kommune og Indreeide i Norddal kommune er no det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet på fylkesveg i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune har med bakgrunn i dette vedteke finansieringa av ein 4,8 kilometer lang fjelltunnel. Tunnelen vil sikre 13 skredpunkt på strekninga, noko som vil føre til ein sikrare vinterveg mellom Eidsdal og Geiranger.