Planen omfattar eit areal på 128 dekar, og legg til rette for etablering av lager på Øye for overskotsmasser frå tunnelprosjektet fv. 63 Korsmyra-Indreeide og for å etablere støttefylling under fv. 63 nord for Rønnebergjuvet.

Plandokument

Etter vedtak i Norddal kommune ved Det faste utvalet for plansaker 29.04.2019, sak 009/19, legg Statens vegvesen planforslaget ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget er tilgjengeleg på rådhuset i Norddal kommune og på internett:

Ta kontakt dersom du ønskjer eit skriftleg eksemplar av planen.

Merknader

Frist for merknader til planen er 20. juni 2019.

Send merknadene til firmapost-midt@vegvesen.no.

Open kontordag

Det blir open kontordag 21. mai 2019 kl. 1500-1800 på Røde Kors-huset i Eidsdal.

Statens vegvesen vil der svare på spørsmål til planen.

Spørsmål til planen kan rettast til:

Høyringa blir gjennomført i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen er utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.