Vi viser til varsel 29.05.2018 om oppstart av planarbeid for masselager/deponi på Øye i Eidsdal, Norddal kommune. På vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune varslar Statens vegvesen Region midt om at planområdet blir utvida.

Bakgrunnen for utvidinga er at det er meldt behov for å sikre fylkesvegen mot å skli ut like nord for Høgsetelva/Rønnebergjuvet. Det beste tiltaket vurdert ut i frå tekniske forhold og kostnader vil vere å legge opp ei støttefylling i samband med etablering av det planlagde masselageret.

Mot Høgsetelva vil fyllingsfoten etter det vi kan sjå så langt ikkje komme lenger sør enn elvekanten. Hovudløpet vil ikkje bli flytta. Fyllingsfoten må sikrast mot flaum langs Høgsetelva. Mot Eidsdalselva vil fyllinga bli avslutta på elvesletta i god avstand til elva. Mot nord og til dels aust vil det vere noko rom for å gi fyllinga ei meir tilpassa utforming. Fyllinga vil bli dekt med jord og gro att med skog.

Høyringsbrev og kart med planområdet finn du under Last ned nedanfor. 

Frist for å komme med merknader til varselet er sett til 20. januar 2019.

Send merknader til firmapost-midt@vegvesen.no.

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til:

Planleggingsleiar Bjarne Otnes, tlf. 915 96 745, e-post bjarne.otnes@vegvesen.no, eller

Prosjektleiar Arne Ola Stavseng, tlf. 901 34 713, e-post arne.stavseng@vegvesen.no.